Skip Navigation Links
Om partistøtte
Oversyn støtte til fylkesparti
Oversyn støtte til kommuneparti
Oversyn støtte til fylkesungdomsorganisasjonar

STØTTE TIL POLITISKE PARTI I 2009

I alt har politiske parti i kommunar og fylke fått utbetalt kr 107 804 480,67 i stønad for 2009. Med unnatak av nokre få partilag, er dette utbetalt pr 22.2.2009.

Statstilskot til politiske parti er utrekna på grunnlag av valresultatet i 2007. For fylke og kommuneparti er støtte delt i grunnstøtte og stemmestøtte, medan fylkesungdomsorgansiasjonar berre har stemmestøtte.

  Grunnstøtte Stemmestøtte  
Fylkesparti kr 42 019,-* kr 27,26 per stemme  
Kommuneparti kr 1 149,-* kr 12,04 per stemme  
Fylkesungdomsorganisasjonar   kr 8,61 per stemme  
  * For å vera berettiga grunnstøtte så må partiet ha minst 4% av stemmene eller minst 1 mandat ved valet.

For eit detaljert oversyn over utbetalingar, vel støtteordning i menyen til venstre eller direkte her: Oversyn støtte til fylkesparti, Oversyn støtte til kommuneparti eller Oversyn støtte til fylkesungdomsorganisasjonar.

Registrerte politiske parti kan søkje om statstilskot til drifta si. Frå 1.1.2008 kunne kommunepartia, fylkespartia og fylkespartia sine ungdomsorganisasjonar søkje via eit elektronisk søknadsskjema forvalta av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som og er ansvarleg for utbetaling av tilskotet. Denne tenesta er no avslutta, sjå Rundskriv nr 1/2009 frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

For meir informasjon, gå til sida for ofte stilte spørsmål om partistøtte, eller kontakt din lokale Fylkesmann.